PhD in progress
Velkomne
Eg heiter Tuba Ardic. Eg er doktorgradsstipendiat i sosiologi ved universitet i Bergen. Eg jobbar på Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal, og bur i Balestrand. Eg flytta til Noreg for 9 år sidan. Dersom de er nysgjerrige på korleis eg enda opp her, frå den livlege, aktive, kaotiske kvardagen med mange folk rundt meg i Tyrkia, er svaret: Kjærleik. Eg møtte Gard i 2007 under eit prosjekt på Hamar, ein veldig kald februardag. Han varma meg slik innvendig at eg pakka saman alle tinga mine og kom meg av garde til Noreg i 2008. Slik starta innvandringshistoria mi.
Etter at eg fullførte sosiologiutdanninga mi i Tyrkia, gjennomførte eg mastergraden min ved Universitetet i Bergen. Mastergradsoppgåva mi handlar om palestinske kvinner som bur i flyktningleir i Betlehem. Etter å ha jobba nokre år som flyktningkonsulent begynte eg med doktorgraden min. Endeleg begynte eg å forske på spørsmålet som verkeleg har plaga meg, og som har vore det fyrste som har kome i hovudet mange morgonar når eg har vakna i min nye heim i Balestrand: Kva er tilhørighet? Når ein veks opp i eit anna geografisk område, blir vand med å vise kjærleik med eit anna språk, på ein heilt annleis måte, å vekse opp med heilt andre lydar, fargar, og væremåtar, korleis kan ein då høyre til på den nye plassen, og kva skal til for å høyre til?
Under PhD-prosjektet mitt skal eg jamleg møte ei gruppe med unge flyktningar og få svar på desse spørsmåla, og gjennom deira forteljingar og inspirerande litteratur vil eg få kunnskap om migrasjon og tilhørighet. Det er ei utfordring å kome til eit nytt land i ung alder, framleis i ein periode der ein finn ut av seg sjølve, og samstundes måtte knekke kodane i det nye landet. Eg skal vere vitne til denne prosessen gjennom prosjektet mitt, og eg håpar at etter tre år kan eg dele dette med dykk.
Når eg strevar etter å bli ferdig, og når eg finn svaret på nokre av spørsmåla eg har lurt på, medan eg druknar i mange nye, er det kjekt å vite at nokon også er vitne til dette. I tillegg til dette vil eg også lette den einsame skriveprosessen for å skrive denne bloggen.
Bloggen ”Skaping av tilhørighet” består av tre delar:
Under delen ”Min tilhørighet” vil eg dele mi eiga historie sidan eg flytta til Noreg. Eg vil skive om mitt møte med Noreg når eg skapar min nye heim og familie her. De vil lese om all den støtta eg har fått og også få vite om nokre ubehagelege situasjonar som har sete seg i minnet, om de vil setje av tid til å lese.
Under Prosjekt tilhørighet ” vil eg dele metodane eg brukar i PhD-prosjektet mitt, litteraturen eg tykkjer er spennande og filmane og musikken som omhandlar temaet. Eg håpar også at forslaga som kjem frå dykk vil gjera denne delen til eit godt bibliotek om tilhørighet.
I siste delen som heiter ”Deira tilhørighet” vil de møte mange fantastiske menneskje som kjem frå ulike delar av verda til Noreg. Denne delen vil bli ei plattform som vil vera full av innvandringshistorier, samtalar om tilhørighet og menneskjeportrett som vil vise det fargerike Noreg.
Før eg avsluttar vil eg kome med ein liten advarsel: Eg skriv tekstane på bloggen fyrst på tyrkisk og berikar eg dei nokre gongar med engelsk litteratur, eg etterpå omset eg det til norsk med god hjelp av min dyslektiske mann. Etter å ha blitt filtrert gjennom tre språk vil setningane bli nynorske. Men på einskilde plassar vil det dukke opp bokmålsord, engelske sitat, nokre tyrkiske ordtak og til og med nokre skriveleifar. Til tross for dette håpar eg at innhaldet vil nå inn til dykk.
Velkomne skal de vera, Hosgeldiniz.


